Intro
Norsk (nynorsk)

Sadi Emeci

representant for Sosialistisk Venstreparti (SV) i kommunestyret i Drammen

Kva meiner du er viktig for nye innvandrarar å vite om det norske samfunnet?

Det er viktig at innvandrarane veit noko om kva forhold nordmenn har til religion. Dei må forstå at ikkje alt dei ser i det norske samfunnet, er godteke innanfor den kristne trua. Mange innvandrarar ser til dømes fulle nordmenn på gata i helgane. Dei trur derfor at alle nordmenn drikk, og at dette er den kristne måten å leve på. Og slik er det jo ikkje. Det er viktig å vite at religionen ikkje kjem til uttrykk i samfunnet på same måten som i mange andre land. Mange nordmenn er heller ikkje religiøse.

Ein annan ting er at innvandrarar ofte møter nordmenn som ikkje er representative for nordmenn flest. Dessverre er det slik at innvandrarungdom ofte heng saman med norsk ungdom med problem. Da er det lett å tru at alle nordmenn er som desse ungdommane og familiane deira.

Eg synest det er viktig at innvandrarar i Noreg er interesserte i å lære om nordmenn og tradisjonane deira. Dei bør lære om jul og påske og vise respekt for høgtidene. Dersom innvandrarar skal bli kjende med nordmenn, må dei forstå veremåten deira og lære dei uskrivne reglane. Da vil dei kjenne seg tryggare når dei møter nordmenn.

Kva ventar det norske samfunnet av innvandrarane?

Det norske samfunnet ventar mykje av kvart enkelt menneske som bur her. Dette gjeld både nordmenn og innvandrarar. Samfunnet ventar at vi set oss inn i lover og reglar, og at vi følgjer dei. I eit moderne samfunn blir det stilt mange krav. Vi skal lykkast både med utdanning og arbeid, familien skal ha det bra, og barna skal følgjast opp. Den som ikkje klarer å møte desse krava, fell lett utanfor.

Eg synest også at samfunnet stiller nokre urealistiske krav til somme innvandrarar. Nordmenn sjølve er enno ikkje ferdige med å snakke om krigen som slutta for 60 år sidan. Likevel ventar ein at innvandrarar med traumatisk bakgrunn skal gløyme dei vonde opplevingane sine og gå vidare så fort som råd.

Og kva ventar innvandrarane av det norske samfunnet?

Eg trur at forventningane innvandrarane hadde, var større tidlegare. I 1980-åra var det mange innvandrarar som venta at samfunnet skulle stille opp og ordne alt for dei. Kva forventningar dei har dei som kjem no, er eg usikker på, men eg trur at dei fleste er meir realistiske. Her er det nok store skilnader etter kva bakgrunn innvandraren har.

Har du opplevd misforståingar?

Eg veit at mykje av den informasjonen innvandrarane får, kjem frå deira eigne landsmenn. Denne informasjonen er ofte ikkje rett og skaper misforståingar. Slike misforståingar er det vanskeleg å bli kvitt igjen.

Kva ønskjer du for framtida?

Dersom innvandrarane ikkje kjem meir på banen og blir synlege i samfunnet, er eg redd for at visse innvandrargrupper vil danne ein ny underklasse i Noreg.

Eg ønskjer at innvandrarar skal ta meir aktivt del i samfunnslivet. Eg ønskjer at dei skal vere synlege i nærmiljøet, til dømes i styra i burettslaga, og at dei skal vere med på dugnader saman med nordmenn.

Tenk om ungdommane både kan vere stolte av den etniske bakgrunnen sin og likevel kjenne seg norske.

Når eg møter ein tyrkar på gata i Drammen og spør kvar han kjem frå, ønskjer eg å høyre han svare: «Eg kjem frå Drammen!»

Ansvarlig for disse sidene J.W. Cappelens Forlag AS. Læremidlet er utviklet med støtte fra Utdanningsdirektoratet. Tilbakemeldinger: intro@cappelen.no