Intro
Norsk (nynorsk)

Afshan Rafiq

tidlegare representant for Høgre (H) på Stortinget

Kva meiner du er viktig for nye innvandrarar å vite om det norske samfunnet?

Det er viktig at dei får ei rask og enkel innføring i norsk historie, politisk system, norske lover og reglarog kva plikter og rettardei har som norske borgarar.

Kva ventar det norske samfunnet av innvandrarane?

At dei følgjer norske lover og reglar, lærer seg norsk språk og tilpassar seg det norske samfunnet.

Og kva ventar innvandrarane av det norske samfunnet?

At dei får halde på kulturen og identiteten sin og tradisjonane sine.At det er gjensidig respekt, forståing og toleranse for at menneske er ulike. Dei fleste ønskjer å få ein jobb og bli sjølvhjelpte så fort som råd, men opplever diskriminering på arbeidsmarknaden.

Diskriminering, og dermed manglande integrering, er eit spørsmål eg er særleg oppteken av. Vi veit at mange personar med minoritetsbakgrunn blir diskriminerte på arbeidsmarknaden. Vi veit at dei har vanskar med å få jobb, og at mange som får jobb, får ein jobb på eit lågare nivå enn kompetansen, evnene, ambisjonane og innsatsviljen deira skulle tilseie. Mange har problem med å få godkjent utanlandsk utdanning og yrkespraksis her i landet. Eg vil derfor jobbe for å få til eit effektivt godkjenningssystem, slik at kompetente personar kan få seg ein jobb som svarar til evnene og kvalifikasjonane deira. Alle er samde om at arbeid er nøkkelen til ei vellykka integrering. Skal ein bli fullverdig borgar av det norske samfunnet, er det heilt grunnleggjande at ein får sjansen til å bli sjølvhjelpt og i stand til å forsørgje seg sjølv og familien sin.

Det er også slik at mange verksemder manglar arbeidskraft. Samtidig har mange med minoritetsbakgrunn vanskar med å få jobb. I ein slik situasjon synest eg det er paradoksalt at arbeidssøkjarar med utanlandsk namn ikkje eingong blir kalla inn til jobbintervju sjølv om dei har norsk utdanning eller oppfyller kvalifikasjonskrava. Dette er sløsing med menneskelege ressursar, noko det norske samfunnet ikkje har råd til. Utfordringa her er korleis forholda kan leggjast til rette for at fleire personar som ønskjer å gjere ein arbeidsinnsats, lettare kan inkluderast i arbeidsmarknaden. Det finst inga enkel løysing, men det viktigaste er å få ei samordning mellom sysselsetjingstiltaka og næringslivet. I tillegg må det jobbast planfast med å endre oppfatninga hos majoriteten av norske arbeidsgivarar om at berre «like barn leikar best». Det fundamentale må vere om den enkelte er kvalifisert til å handtere ei gitt stilling, ikkje kva etnisk tilhøyrsle ein har.

Har du opplevd misforståingar?

Nei, ogdet trur eg først og fremst kjem av at eg er fødd og oppvaksen i Noreg, kjenner samfunnet etter måten godtog meistrar norsk språk fullt ut. Det gjer at risikoen for å bli misforstått blir mindre.

Kva ønskjer du for framtida?

Eg ønskjer eit samfunn der alle er garanterte retten til å vere annleis. Alle menneske, same kva etnisk bakgrunn dei har, skal ha dei same sjansane til å realisere seg sjølve: få seg jobb, bli sjølvhjelpte og forsørgje seg og familien sin sjølv. Det grunnleggjande skal vere at menneske blir behandla som enkeltindivid med same rett til å bli respektert for integriteten sin og eigenarta si, same kven ein er, eller kva etnisk bakgrunn ein har.

Ansvarlig for disse sidene J.W. Cappelens Forlag AS. Læremidlet er utviklet med støtte fra Utdanningsdirektoratet. Tilbakemeldinger: intro@cappelen.no