Intro
Norsk (nynorsk)

Rajinder Kaur

helsesyster i Søndre Nordstrand bydel i Oslo

Kva meiner du er viktig at nye innvandrarar veit om si eiga helse og helsestellet i Noreg?

Det er viktig at innvandrarane kjenner til fastlegeordninga. Dei må vite at dei sjølve må ordne med fastlege. Dersom dei har barn under seks år, må dei også ta kontakt med nærmaste helsestasjon eller bydelsadministrasjonen, slik at barna blir registrerte på helsestasjonen. Mange barn fell dessverre ut av dette systemet fordi helsestasjonen ikkje kjenner til alle småbarna i området eller kommunen. Det er viktig at foreldra veit at dei må møte opp eller melde avbod når dei blir kalla inn til helsestasjonen. Dersom dei berre lèt vere å kome, og dette skjer fleire gonger, kan barnevernet bli kopla inn. Mange er vane med å gå til legen berre når dei er sjuke, så dette med å møte til kontroll kan vere uvant.

Innvandrarane må også vite at ein må bestille time hos legen eller på helsestasjonen, ikkje berre møte opp. Dersom situasjonen ikkje er alvorleg, kan ein heller ikkje rekne med å få time same dagen. Dersom ein ikkje møter til avtala time utan å melde frå, må ein betale for timen.

Kva ventar helsetenesta av innvandrarane?

At innvandrarane set seg inn i korleis helsetenesta i Noreg fungerer, og at dei møter opp når dei har avtala time hos legen eller på helsestasjonen.

Kva ventar innvandrarane av helsetenesta?

Dei ventar at dei og barna deira blir følgde opp på ein skikkeleg måte, og at dei blir tekne på alvor. Dei ventar å bli behandla med respekt.

Eg trur også at enkelte innvandrarar har urealistiske forventningar til helsetenesta. Har ein til dømes eit funksjonshemma barn, må ein sjølv finne ut av mangt i samband med rettar og eventuell behandling.

Mange innvandrarar går til lege for småplager som forkjøling og liknande. Og så synest dei at legen gjer ein dårleg jobb når dei ikkje får medisinar for dette, og legen krev betaling likevel.

Har du opplevd misforståingar?

Eg hugsar godt da eg nettopp var komen til Noreg. Eg hadde ikkje familie her, berre mannen min. Eg var gravid med det første barnet vårt, og eg var kvalm og elendig og kasta opp nesten heile tida. Det verka umogleg å gå på jobben. Eg gjekk til legen og bad om sjukmelding. Eg fekk høyre at eg ikkje var sjuk, berre gravid. Eg høyrde jordmora seie høgt i gangen: «Ikkje gi henne sjukmelding. Ho er berre lat!» Eg kjende meg så åleine. Eg kjende meg nedverdiga og mistenkt for å skulle lure meg til å vere heime frå jobben. Det er viktig for eit menneske å bli møtt med respekt.

Ein annan ting, eg veit ikkje om eg kan kalle det ei direkte misforståing, er at somme foreldre kan synast det er vanskeleg å snakke om problem med meg. Dersom dei til dømes fortel om dårleg økonomi i familien, kan dei miste ære. Da er det lettare ikkje å seie noko om det og svare «ja» når eg kjem med framlegg om at barnet deira bør gå i barnehagen. Og når barnet likevel ikkje byrjar, kan eg tru at foreldra ikkje følgjer opp.

Kva ønskjer du for framtida?

Eg ønskjer meg ein eigen helsestasjon for vaksne innvandrarar. Ein slik stasjon skulle fungere som ein møtestad der det både var ope hus og ulike samtalegrupper. Vi skulle jobbe både med foreldrerettleiing, kosthald, livsstil, helse og andre aktuelle emne. Hovudvekta skulle liggje på velvære. Eg trur ein må lære å leve med nokre småplager, men at ein likevel kan leve eit godt liv og føle velvære og glede over livet.

Ansvarlig for disse sidene J.W. Cappelens Forlag AS. Læremidlet er utviklet med støtte fra Utdanningsdirektoratet. Tilbakemeldinger: intro@cappelen.no