Intro
Norsk (nynorsk)

Gülcan Özalp

lærar ved Fjell skole i Drammen

Kva meiner du er viktig for nye innvandrarar å vite om grunnskolen i Noreg?

Det er viktig at dei kjenner til praktiske ting i samband med skolen. Det er til dømes viktig å vite at barna har med seg mat på skolen, at det er mogleg å få kjøpt mjølk og frukt på skolen, og at norske skolebarn ikkje bruker uniform. Dei må også vite korleis dei skal registrere barna til skolestart.

Det er også viktig at foreldra både kjenner til det norske skolesystemet og dei forventningane skolen har. Den norske skolen kan vere annleis enn den skolen dei er vane med. Det er derfor viktig at foreldra set seg inn i måla og metodane til skolen.

Kva ventar skolen av foreldra?

Det er først og fremst viktig at foreldra viser interesse for skolegangen til barnet. Ettersom barna ikkje får karakterar i barneskolen, og ingen må gå same klassetrinn to gonger, kan somme foreldre tenkje at den innsatsen barnet gjer på skolen, ikkje er så viktig. Denne holdninga kan smitte over på barnet. Foreldra må signalisere at skolen er viktig!

Foreldra må følgje med på at barnet gjer leksene sine. Foreldre kan godt høyre barnet i leseleksene sjølv om dei ikkje forstår alt som blir lese. Foreldra har også ansvaret for at barnet får nok søvn og er utkvilt til skoledagen.

Samarbeid med skolen er viktig. Skolen ventar at foreldra kjem til konferansetimar som gjeld deira eige barn. Men skolen ventar noko meir. Foreldra bør også engasjere seg for klassemiljøet og stille på klasseforeldremøte. Dei kan også engasjere seg til beste for heile skolen og ta del i arbeidsutvalet til foreldra (FAU). På denne måten er foreldra med på å leggje til rette for at barnet får det godt på skolen. Foreldra må gi barnet høve til å ha kontakt med norsktalande barn. Norskkunnskapane må stimulerast hos barnet. Det er ikkje dermed sagt at foreldra skal leggje morsmålet til side. Foreldra bør snakke morsmål med barna sine dersom det kjennest naturleg. Dei bør lese eller fortelje eventyr og rim og reglar frå sin eigen kultur, akkurat som dei ville ha gjort i heimlandet. Det er viktig at foreldra står fram som kompetente vaksenpersonar overfor barna sine. Det gjer dei i mange tilfelle best ved å «vere seg sjølve» på morsmålet. Barn som er flinke til å snakke morsmålet sitt, lærer også norsk betre.

Kva ventar foreldra av skolen?

Dei ventar at barna skal få gode kunnskapar. Mange innvandrarforeldre ventar ein skole dei kjenner att frå sin eigen skolegang. Dei ventar ein lærar som har disiplin i klassen, og som formidlar kunnskap. Dei kan lett bli frustrerte over den norske skolen. Mange opplever skolen som lite grensesetjande og lite seriøs. Dei ser kanskje ikkje målet til skolen, som er å oppdra barna til å bli sjølvstendige individ med eigne meiningar, og at dei skal lære å finne fram i det moderne informasjonssamfunnet.

Har du opplevd misforståingar?

Somme foreldre forstår ikkje at undervisning som går føre seg utanfor skolebygningen, er like viktig som undervisning i klasserommet. Dei tenkjer at barna like gjerne kan vere heime når klassen likevel berre skal på tur i skogen. Dette er ei stor misforståing. Det er lettare å lære om eit tre når ein er ute i naturen, enn når ein les om det i ei bok.

Kva ønskjer du for framtida?

Eg ønskjer at skolen og foreldra får gjensidig forståing for situasjonen og rollene til kvarandre. Eg ønskjer også at begge partar får mest mogleg samanfallande verdiar, slik at dei går i same retning. Det ville vere til beste for barnet.

Ansvarlig for disse sidene J.W. Cappelens Forlag AS. Læremidlet er utviklet med støtte fra Utdanningsdirektoratet. Tilbakemeldinger: intro@cappelen.no