Intro
Norsk (nynorsk)

Mehmet Safak

konsulent ved Aetat i Drammen

Kva meiner du er viktig for nye innvandrarar å vite om arbeidsmarknaden i Noreg?

Det er viktig at innvandrarar lærer seg norsk. Det er også viktig at dei lærer korleis arbeidslivet i Noreg fungerer, og at dei får ei forståing for både dei formelle og dei uformelle reglane. Alle arbeidstakarar må kjenne eit ansvar for arbeidsplassen sin. Det er veldig viktig at innvandrarane får sin eigen individuelle handlingsplan så fort som mogleg. Planen må vere realistisk.

Kva ventar Aetat av innvandrarane?

Aetat ventar at innvandrarane snakkar norsk, og at dei har fullført grunnopplæringa. Innvandrarane, som alle andre i Noreg, må seie ja til alle tilbod om kurs, praksisplass eller jobb. Utan erfaring og papir er det vanskeleg å få jobb. Vi ventar at innvandrarane er aktive.

Og kva ventar innvandrarane av Aetat?

Eg trur dei ventar at Aetat skal skaffe dei jobb. Aetat kan knyte kontaktar mellom arbeidsgivar og arbeidssøkjar og gi informasjon om ledige jobbar. Sjølve tilsetjinga er ei sak mellom arbeidsgivar og arbeidstakar. Aetat har tiltaksmidlar og kan kvalifisere jobbsøkjarar. Søkjarane må sjølve gå ut og finne jobb.

Har du opplevd misforståingar?

Eg har opplevd at somme innvandrarar ikkje forstår kor viktig det er å gi korrekte opplysningar om utdanning og tidlegare erfaring. Somme tenkjer ikkje over at denne informasjonen er viktig når ein skal lage ein handlingsplan. Andre vil gjerne gi inntrykk av at dei har betre kvalifikasjonar enn dei eigentleg har.

Kva ønskjer du for framtida?

Innvandrarane må få hjelp til realitetsorientering og kvalifisering så tidleg som mogleg, slik at dei kan bli sjølvhjelpte.

Eg ønskjer at flest mogleg får jobb, og at dette er ein jobb dei blir nøgde med.

Ansvarlig for disse sidene J.W. Cappelens Forlag AS. Læremidlet er utviklet med støtte fra Utdanningsdirektoratet. Tilbakemeldinger: intro@cappelen.no