Intro
Norsk (nynorsk)

Loveleen Rihel Brenna

leiar for Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG)

Kva meiner du er viktig for nye innvandrarar å vite om Noreg og synet på barneoppseding?

Alle foreldre ønskjer det beste for barna sine, og at barna skal få det betre enn dei sjølve hadde det.

Eg trur det er viktig at innvandrarane er klar over kva forventningar samfunnet har til dei som foreldre, slik at dei kan følgje opp barnet sitt best mogleg.

Kva forventningar har skolen? Kva forventningar har barnehagen? Helsestasjonen? Det er viktig å tenkje gjennom desse spørsmåla for barnet si skyld og for å ta vare på foreldreautoriteten.

Korleis er det for barna å pendle mellom vi-kulturar og eg-kulturar?

Det er eit dilemma for mange barn at dei må takle så mange verdikonfliktar. Det som blir rekna som rett heime, er kanskje feil på skolen, og omvendt. Dei vaksne er ofte meir opptekne av religions- og kulturskilnader enn av å sjå barnet. Det er viktig å hugse at barnet ikkje har valt situasjonen sin sjølv.

Har du opplevd misforståingar?

Eg kan gi deg eit døme. Da eg var liten og hadde gjort noko gale heime, sa far: «Sjå ned når eg snakkar til deg. Vis respekt.» Dersom eg hadde gjort noko gale på skolen, sa læraren: «Sjå meg inn i auga når eg snakkar til deg.»

Kva ønskjer du for framtida?

Eg ønskjer at vi for barna si skyld klarer å sjå på likskap og likeverd mellom menneske. Dette er viktigare enn å hengje seg opp i skilnader.

Ansvarlig for disse sidene J.W. Cappelens Forlag AS. Læremidlet er utviklet med støtte fra Utdanningsdirektoratet. Tilbakemeldinger: intro@cappelen.no